Mat med innsikt: Norske ostefavorittar på bålet

onsdag 18. november kl. 18:00 · Gjernesvegen, Voss

Om Kristin Glück-Evensen Kristin er utdanna lokalmat-teknikar og er levande engasjert i norske mattradisjonar. Lidenskapen hennar ligg fyrst og fremst i mjølkeforedling og tradisjonsbakst. I fleire år har ho jobba med både formidling og servering av mat, tufta på norske mattradisjonar ispedd ein herleg dose innovasjon. Matkultur for Kristin er både fortid og framtid i skjønn foreining. Den norske bonden er alltid i fokus når Kristin handlar råvarer, lagar og serverer mat. Ost er Kristin sitt varemerke. Saman med den norske bonden, ost på bål får du ei innhaldsrik, smaksrik, nær og kjær oppleving! Mat med innsikt Kristin tek med seg sine norske ostefavorittar til bålet og gjev deg enkle tips for eit fullverdig, herleg og norsk måltid. Også når du er på tur, eller berre vil eta utandørs. Grilla? Kvifor ikkje laga ein fondueraclette på bålpanna? Gode tips, ekte historier om ekte folk som lagar ekte mat av ekte natur. Gode smakar er ein sjølvfølgje, men tør du utfordra osteganen og smaka noko du aldri har smakt før? Ta med Ta med klede etter vêret, noko å eta av og med, samt eigen drikke. Kristin anbefalar alkoholfritt øl til kveldens ostefest. Gjerne ein med litt ekstra smak, som til dømes Klokk og Co sin Fripa. Eller, om du får tak i ekte eplesaft laga på syrlege eple som Bramley, ja då vert det knapt betre. Hugs at sukkerdrikke som brus og sportsdrikk ikkje gjer seg til ostemåltid. Syrleg drikke passar alltid best til ost - også når vinen skal på bordet. Men det er ikkje denne kvelden. Stad Gjerneshuken. På nedsida av Gjernes Skule går du vegen nedover og tek fyrste avstikkar til høgre. Her ser du gapahuken. Om du vel å køyra, må du parkera på nedsida av skulen. Dato Onsdag 18 november 2026 frå kl. 18.00 - 20.30 Prisar Gratis - med midler Friluftslivets år frå Gjensidige Stiftelsen. Dette inkluderer kurs og mat/middag Avgrensa plassar Me har plass til 12 vaksne (18+) på dette kurset. Meld deg på innan måndag 16 November 2026 kl. 15.00. Me gler oss! Foto: Tale Hauso/ NRK

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Voss →