lørdag 14. november kl. 14:00 · Intimscenen, Kongshaugvegen 32, Sola
På ti år har Anders Totland gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdom og vaksne. No er han aktuell med ein heilt ny bokserie for barn. I Katastrofedagbøkene følgjer me ni år gamle Samson og bestevenen Alva, som har ein lei tendens til å hamna i trøbbel, både av det komiske og litt meir alvorlege slaget. Bøkene er morosame og spennande, og akkurat passe actionfylte, og har blitt samanlikna med Emil i Lønneberget (berre med meir detaljar og humor). For å sitera skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden: "For dei som likar forteljingar med heseblesande driv, men er litt lei detektivseriar, kan dette fort bli innertiar." Og best av alt? Det finst allereie fire bøker i serien, og dei tre neste er venta i 2027. Her kan dei yngste lesarane verkeleg fråtsa i artige historier. Når Totland kjem på besøk, blir det høgtlesing og musikk, og ganske sikkert eit sprell eller to. Velkomne til biblioteket! Gratisbilletter legges ut mandag 9. november kl. 9.00 på nettsiden til Sola kulturhus. Familielørdag er en programserie hvor det hver lørdag kl. 12 skjer det noe gøy for barnefamilier på Sola bibliotek. Alt er gratis.
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.