lørdag 14. november kl. 10:00 · Veveriet, Norge
Den populære forfattaren Anders Totland kjem til Gjesdal folkebibliotek på ein elles så vanleg laurdag. På ti år har Anders Totland gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdom og vaksne. No er han aktuell med ein heilt ny bokserie for barn. I Katastrofedagbøkene følgjer me ni år gamle Samson og bestevenen Alva, som har ein lei tendens til å hamna i trøbbel, både av det komiske og litt meir alvorlege slaget. Bøkene er morosame og spennande, og akkurat passe actionfylte, og har blitt samanlikna med Emil i Lønneberget (berre med meir detaljar og humor). For å sitera skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden: "For dei som likar forteljingar med heseblesande driv, men er litt lei detektivseriar, kan dette fort bli innertiar." Og best av alt? Det finst allereie fire bøker i serien, og dei tre neste er venta i 2027. Her kan dei yngste lesarane verkeleg fråtsa i artige historier. Når Totland kjem på besøk, blir det høgtlesing og musikk, og ganske sikkert eit sprell eller to. Velkomne til biblioteket! Dette er ei framsyning som passar særleg godt for barn i alderen 5 - 9 år.
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.