torsdag 12. november kl. 17:00 · Vie, Førde
Velkomen til årets siste FTU – klatring og spel med Våtedalen Tindeklubb! Når: Torsdag 12. november 2026 kl. 17.00–19.00 Stad: Førde klatresenter, Vievegen 169 Kva: Klatring, spel og sosialt samvær Bli med når vi rundar av FTU-året med ein kjekk og aktiv ettermiddag i samarbeid med Våtedalen Tindeklubb! Vi samlast ved Førde klatresenter, der vi får prøve oss i klatreveggen, leike oss på ulike spel, og ha det sosialt saman. Det trengst inga erfaring frå før – vi ordnar med både sko, utstyr og kyndig hjelp for alle som vil prøve seg i veggen. Her er det plass til både nybyrjarar og dei som har klatra før. Når du ikkje er i veggen, blir det ulike spel og aktivitetar – ein fin måte å bli kjend med dei andre på medan du ventar på tur. Vil du ikkje klatre? Null stress! Kom likevel for å vere med på ein hyggeleg kveld med gode folk. Vi avsluttar kvelden med pizza! Kva bør du ha på deg? Klede som er komfortable og du kan bevege deg fritt i. T.d. treningtights eller joggebukse. Det kan vere kjekt å ha ei t-skjorte/tynn gensar å klatre i, samt ein litt tjukkare gensar til å halde varmen på "standplass". Påmelding ved å fylle ut skjema eller tekstmelding til Kaia tlf; 413 37 213. Hugs å sei ifrå om nokon har matallergiar vi skal ta hensyn til eller vil reservere seg for bilder. Om FTU: Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma er ei gruppe som sørgjer for at personar med funksjonsnedsettelse får gode naturopplevingar. Aktivitetane våre blir tilpassa ulik fysisk form og funksjonsnivå. Tilbodet er gratis og ope for alle: Menneske med utviklingshemming, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som vil bidra eller delta.
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.