Medlemskveld hos Intersport Førde – 25 % rabatt for DNT-medlemmer

tirsdag 17. november kl. 17:00 · Naustdalsvegen 1B, Førde

Tirsdag 17. november kl. 17.00–20.00 inviterer Intersport Førde alle medlemmar i Indre Sunnfjord Turlag (DNT) til ein hyggeleg handlekveld i butikken. Denne kvelden får du som medlem 25 % rabatt på alle varer til ordinær pris , samt høve til å slå av ein prat over ein kaffikopp og få inspirasjon til vinterens turar og aktivitetar. Dette skjer i løpet av kvelden: ☕ Servering av kaffi og snacks. 🎿 Demonstrasjon i smørjing av ski med VAUHTI Liquid Glide. 🎁 Kl. 19.30 trekkjer Indre Sunnfjord Turlag vinnarar av TiTur Sunnfjord. Fire heldige vinnarar får kvart sitt gåvekort på 1 000 kr. 🤸Alle som handlar er med i eit kvitteringslotteri. Intersport trekkjer ein vinnar kl.19.30. Vinnaren må vere til stades. Dette er ein fin anledning til å sikre seg julegåver, skiutstyr og litt ekstra inspirasjon før vintersesongen. Hugs medlemskortet ditt i DNT. Ikkje medlem enno? Meld deg inn på dnt.no/medlem – nytt medlemskap gjeld heilt ut 2027🏔️☕🎿

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Førde →